Telemarkfestivalen

Telemarkfestivalen er ein arena for all folkemusikk; den folkelege, den tradisjonelle og den nyskapande.

Musikken er lokal, nasjonal og internasjonal og spenner frå det vare, vakre og nære til det intense, medrivande og heseblesande.


«Komen for å bli»

Det er nok ikkje heilt tilfeldig at det finnest ein eigen folkemusikkfestival i Bø. Folkemusikken og folkedansen har lange og sterke tradisjonar i Midt-Telemark. Området reknast for å vere eit av dei viktigaste tradisjonsområda i Noreg, og mange av dei mest anerkjende spelemenn og spelkvinner i Noreg kjem herifrå. Sjølvsagt måtte det vere ein eigen folkemusikkfestival i Bø. Her byrjar historia om Telemarkfestivalen.

Kven som hadde ideen fyrst eller akkurat når han dukka slik nøyaktig, det er usikkert. Det me veit er at ideen om ein internasjonal folkemusikkfestival i Bø hadde vore snakka om av fleire – då i kjølvatnet av ei vellukka gjennomføring av Landskappleiken i Bø i 1988 med fleire tusen besøkande. Dette gav meirsmak! 15. februar 1989 vart eit interimstyre sett saman av 11 personer – Telemarkfestivalen var eit faktum!

Kva skulle så denne festivalen drive med? Ein skulle fyrst av alt «fremje samkvem og forståing mellom ulike folkemusikktradisjonar både i innland og utland». Likt viktig var punkt to: Ein skulle «halde i hevd og stimulere folkemusikktradisjonane i Telemark». Og sist, men ikkje minst, så skulle ein «fremje og presentere kvalitet». Ein skulle lage ein møteplass mellom den norske og den utanlandske folkemusikken. Og om ein må koke 30 årsjubilanten ned til eitt ord, ja, så må det blitt dette: møteplass. Møteplass mellom artistar frå ulike land, mellom artistar og publikum og folkemusikken sine møte med andre sjangrar. Dette har stått frå dag èin og gjeld framleis!

Den fyrste utgåva av Telemarkfestivalen i 1990 vart gjennomført med stor mottaking hos publikum og presse og bestod dermed elddåpen. Journalist Johan Vaa slo fast dette i Spelemannsbladet med overskrifta: «Komen for å bli!». Vaa fikk rett.

30 år med fantastiske konsertopplevinger

30 år seinare kan Telemarkfestivalen skilte med tusentals fantastiske konsertopplevinger – frå dei vare, vakre og nære til dei intense, medrivande og heseblesande – med musikk frå heile verda.

– Det er kanskje ein modig påstand, men eg trur få andre festivalar kan vise til like stort musikalsk mangfald i løpet av ein og same festival, seier festivalsjef, Kristoffer Mosfjeld. Noko av det artigaste Telemarkfestivalen gjer er å overraske publikum med musikk som dei enno ikkje veit at dei kjem til å elske.

– Me har ein fin balanse mellom velkjend og meir ukjend musikk, og for dei som tek ein sjanse og ønskjer å oppleve ny musikk, så kan Telemarkfestivalen vere ein real musikalsk gullgruve, seier Mosfjeld. Kvart år har Telemarkfestivalen òg stort fokus på eigne konsertproduksjonar og tingingsverk som publikum rett og slett ikkje får oppleve andre stader – då gjerne med utgangspunkt i den unike kulturarva i Telemark, fortset han. I år er det vokalkunstnar Ruth Wilhelmine Meyer – opphavleg frå Vinje – som har fått det ærefull oppdraget med å skrive tingingsverk til festivalen. Tingingsverket tek sitt utgangspunkt i folkevisa «Haugebonden» som i Telemark er gjort kjend av kvedardronninga, Agnes Buen Garnås.

Aukande interesse for folkemusikk

Det sterke tradisjonane innan folkemusikk og folkedans som finnast i Telemark er heilt unike i verdssammenheng, og festivalsjefen får stadig henvendingar frå folk frå heile verda som ønskjer å vite meir om folkemusikken og folkedansen frå Telemark.

– Bø og Telemarkfestivalen er ein fin plass å starte for folk som er nysgjerrig på folkemusikken frå Telemark, meiner Mosfjeld som legg til at folkemusikkentusiastar frå Japan, Tyskland og California allereie har meldt sin ankomst til årets festival. Mosfjeld meiner det ligg eit stort potensial med tanke på fremje den unike folkemusikkarva i Telemark vidare.

– Eg trur mange kulturturistar ville ønskje å kome til Telemark for å oppleve denne unike kulturarva om det vert laga eit opplegg som la greitt til rette for det!

Sagt om Telemarkfestivalen:

"Her jublet bluesfrelste sekstiåttere, musikalske feinschmeckere, gammelrockere og ungdommer med Rolling Stones-konserten ennå ringende i ørene sammen med hardingfeleentusiaster, tradisjonelle kirkegjengere, visevenner, kvedere og gamle spelemenn fra Telemark og Setesdal". - Per Holtung, Spelemannsbladet.

"Bø var ei kokende heksegryte av folk på lørdag. Alt som kunne krype og gå hadde tatt turen til området rundt kommunehuset, hvor det foregikk noe til enhver tid. På hvert hjørne satt musikere i samtaler over sine instrumenter, mens andre sol an tonen for å sette en ekstra spiss på den allerede gode festivalstemningen".
- Marianne Johannessen, TA.

"Telemarkfestivalen er noe langt mer enn en navlebeskuende sammenkomst for puritanske elskere av tradisjonsmusikk".- Olav Graasvolden, Varden.

"Den har samlet folk fra hele landet og fra utlandet til fredelig sameksistens og kulturutveksling, samtidig som den har vært en scene for unge talenter som ellers ikke ville fått en slik mulighet til å prøve seg". - Tidlegare kulturminister Ellen Horn.

"Og det er overmåte verdifullt når Telemarkfestivalen legger vekt på å utvikle kontakten med andre nasjoner gjennom folkemusikkuttrykket." - Kåre Willoch

"Jeg aner noe av kulturlivets magiske krefter etter å ha opplevd litt av Telemarkfestivalens første dag" - Prinsesse Märta Louise.

Henta frå boka "Fy fela for ein festival - 20 år med Telemarkfestivalen" skrive av Kjell Bitustøyl.

Tekst henta frå Visit Telemark.